BUTIKKUTVIKLER.NO & NISJEBUTIKKENS DAG™
PROSJEKT;
Utforming av stand med 39 kvadratmeter vegg
Design av banners
Design av folder & DM
Design av trykksaker/materiell m.m.
Design av skjermvisning
Funksjonell, smakfull og tydeleg design som fungerer!
OM KUNDEN;
Utforming av messestand og design av banners, materiell m.m. for Butikkutvikler AS og bevisstgjeringskampanja Nisjebutikkens dag™ til Oslo Design Fair september 2025.
Utfordringa eg fekk av Gøril H. Florvaag var å laga design som var godt synleg og ville bli lagt merke til, og samstundes halda kostnadane nede - altså på "lågbudsjett". Ein viktig del av løysinga me kom fram til var å ha med bilen hennar - og at me fekk vist fram det fysiske kampanjemateriellet til Nisjebutikkens dag™ på ein god måte. Eit anna moment er å “innreia” utan å leiga/kjøpa møblar osv. Me nytta eplekasser frå Hardanger, potetkasser frå Jæren, gatebukkar, enkle ballongstativ, - samt cafebord/stolar og grøne plantar frå våre eigne heimar (og rekvisittlager).
Alt av design & kampanjemateriell (trykk & digitalt) til Nisjebutikkens dag™ er laga av Design.by.Giske. Eg har og stått for logo, visuell identitet og profilering for Butikkutvikler.no.