EG UTVIKLAR Funksjonell, TYDELEG & TIDLAUS & design som fungerer i praksis!

DESIGN AV LOGO, VISUELL IDENTITET & MERKEVAREBYGGING

VISUELL IDENTITET med namn, logo & profilelement. Ide & utvikling av konsept.

Kven er du? Kven ynskjer du å vera? Korleis vert du oppfatta? Treff du målgruppa di? Design er visuell kommunikasjon og du treng ein tydeleg identitet. Det handlar om å gje eit godt og truverdig fyrsteinntrykk, å skilja seg ut på ein positiv måte og vera synleg i den store mengden.

Å få utvikla ein tydeleg visuell identitet med ei profilhandbok for bedrifta er ei lønsam investering.

KONSEPTUTVIKLING, STRATEGI & RÅDGJEVING

MERKEVARE, identitet, rådgjeving, utvikling av strategi & eit tydeleg konsept.

Med ein god identitet i botnen har ein grunnlaget for å arbeida vidare med konsept & merkevare. Om det gjeld ulike produkt eller bedrifta i seg sjølv, så treng ein eit konsept med ein raud tråd for å vera tydeleg - og for å bli sett av målgruppa.

Med bakgrunn frå daglegvarebransjen så har eg eit ekstra hjarte for etikett- og emballasjedesign, samt det å utvikla gode konsept som både er synlege og funksjonelle. Det handlar ikkje berre om å laga noko som er trend der og då, det handlar om at det skal fungera på alle måtar i praksis for kunden - og at det går heim hjå målgruppa.

TRYKKSAKER & profilering

Sjølv om me lever i ei digtital verd, så er kjensla av ei ny trykksak i hendene noko heilt spesielt. Trykk og papir er slettes ikkje daudt - og når det gjeld identitet & merkevarebygging så treng me ein kombinasjon av digitalt og trykksaker for å nå godt ut med bodskapen. I tillegg så kjem identiteten svært ofte sterkare fram på trykk enn kva den gjer digitalt.

Frå idè til ferdige trykksaker! Spennvidda er stor og eg designer alle typar trykksaker tilpassa dine behov. Eg leverer trykkfiler, eller alt komplett ferdig levert på døra. Valet er ditt.

VISITTKORT • TIMEKORT • STEMPEL • KLISTREMERKE • STICKERS • BROSJYRE • FOLDER • DM • PLAKAT • poster • GÅVEKORT • MENY • ETIKETT • LABEL • EMBALLASJE • ROLLUP • BILDEKOR • FASADEDEKOR • VEGGDEKOR • SKILT • BANNER • ANNONSER • profileringsartikler m.m.

WEBDESIGN

Ei heimeside er firmaet sitt ansikt utad, og du har kun ein sjanse til å gjera eit godt fyrsteinntrykk! Nettsida er ditt butikkvindauge - og det må formidla bodskapen og dine tenester på ein tydeleg måte. Sosiale medier erstattar diverre ikkje ei heimeside, då bedrifta ikkje har eigarskap til kontoane som ein har oppretta der.

Eg designer funksjonelle og brukarvenlege nettsider, tilpassa deg som kunde og ditt behov. Eg designer desse som oftast i publiseringsløysinga Squarespace. Ved meir avanserte og skreddarsydde løysingar samarbeider eg med andre firma som er spesialistar på nettsider. I desse tilfella står eg for ide, design og innhald, medan dei tar seg av alt det tekniske med koding og publiseringsløysing.

NETTSIDE • HEIMESIDE • WEBDESIGN

BOKDESIGN

DESIGN AV BØKER. Treng du hjelp til å få sett saman tekst og bilder til ei ferdig bok? Eg kan hjelpa deg med alt få A til Å, eller berre sjølve layouten med setting - og klargjering av fil til trykking.

På nokre bokprosjekt har eg leia framdrifta i tillegg til å stå for design, setting og ferdigstilling av boka til trykk. Eg har og stått for fotografering, redigering og tilpassing av bilder til trykk. Når det gjeld bokdesign har eg arbeidd for og saman med både husflidslag og privatpersonar.

BOK • BØKER • BOKDESIGN • FOTO • ILLUSTRASJON • DESIGN AV OMSLAG • INNMAT • LAYOUT • TRYKKING AV BOK • PROSJEKTLEIING • RÅDGJEVING

FOTO

Gode bilete er ein viktig del av bedrifta si marknadsføring & merkevarebygging - enten det gjeld til bruk i trykksaker, til digitale annonser, på heimeside eller i sosiale medier.

På mindre prosjekt fotograferer eg gjerne sjølv. På større prosjekt samarbeider eg med fotograf som eg meiner passar til ditt uttrykk. Då tek eg meg av prosjektstyringa, er fotoassistent og til slutt tilpassar eg bileta frå fotografen til det dei skal nyttast til.

foto • fotografering • produktfoto

KOMMUNIKASJON & MARKNAdSFØRING

Korleis nå ut med bodskapen til målgruppa di?

VISUELL KOMMUNIKASJON & MARKNADSFØRING treng ein god visuell identitet i botnen, saman med ein målretta strategi. Når ein har ein raud tråd gjennom all kommunikasjon som er forankra i dette, så fungerer annonser (trykk & digitalt) og kampanjer. SOSIALE MEDIER er visuell historieforteljing og er smarte marknadsføringskanalar når ein brukar dei “rett”. Det handlar om å freista og å inspirera målgruppa, samstundes som ein fortel om kva bedrifta står for og tenester ein byr på.

Eg designer annonser, utviklar kampanjer og kan bistå di bedrift med marknadsføringa.

RÅDGJEVING & KONSULENT OPPDRAG

Eg hjelper bedrifter og organisasjonar med rådgjeving rundt identitet & merkevarebygging tilpassa deira behov. Dette kan og inkludera workshop med strategi & drift av sosiale medier Eg kan og ta på meg konsulentoppdrag / engasjement av ulike slag innanfor forretningsdrift, designoppdrag o.l. for kortare eller lenger tidsrom.

KONSULENT • RÅDGJEVING • WORKSHOP


Logo design • visual identity • brandidentity design • consept development • print • branding & strategy • WEBDESIGN • PHOTO • MARKETING • storytelling

så… “What’s in it” for deg som kunde?

  • EIN TYDELEG IDENTITET & PROFIL SOM GJER AT FOLK FORSTÅR DEG MED EI GONG.

  • EIT UTTRYKK SOM SKIL SEG UT - OG SOM BLIR LAGT MERKE TIL.

  • EIN RAUD TRÅD I ALT FRÅ LOGO, TIL TRYKKSAKER & NETTSIDE.

  • TRYGG VEILEDNING, IKKJE MINST NÅR DU IKKJE HEILT VEIT KVA DU HAR BEHOV FOR.

  • EIN ENKLARE PROSESS - KUN EIN PERSON Å FORHALDA SEG TIL!

Allsidig designer, merkevarebygger og rådgiver med base i Voss, i hjertet av fjord Norge.

PRISAR


Det er mange moment som spelar inn ved prissetting på design tenester. Difor vil pris vera ulik for kvart einaste prosjekt / oppdrag. Eg treng og ein del informasjon om kva du som kunde ynskjer og eigentleg har behov for, før eg kan gje eit prisoverslag.

I dei fleste tilfelle utfører eg arbeidet til ein fastsett pris for det spesifikke prosjektet, medan eg for nokre kundar arbeider til fastpris pr. dag. Ei sjeldan gong vert oppdraget fakturert pr. time.

Kontakt meg på telefon eller e-post, så tar me ein prat eller eit uforpliktande møte om ditt prosjekt - og kva problem eg kan løysa for deg.

Veiledande timespris er pr. april 2026 er kr. 1.290,- + mva.

my job as a designer is to help others realize their vision, not mine.

Design by Giske • Identitet, merkevarebygging, konseptutvikling gjennom en rød tråd. Design er problemløsing!

IDENTITET • KONSEPT • MERKEVAREBYGGING

Design er problemløysing! • Konseptutvikling: frå logo & visuell identitet fram til selve sjølve målet, et funksjonelt og tydelig  etikettkonsept for sider og eplemost fra Hardanger.

DESIGN ER PROBLEMLØYSING!