lUTRO gard, lofthus i hardanger

PROSJEKT;

  • Design av logo & visuell identitet

  • Utvikling & design av etikett konsept

  • Ferdigstilling trykkfiler etiketter

  • Ferdigstilling trykkfiler profilering

OM KUNDEN;

Lutro Gard ligg langs Hardangerfjorden, rett før Lofthus i Hardanger. Garden er omkransa av frukttre på alle kantar. Her har det vore produsert frukt gjennom mange generasjonar. På Lutro Gard finn du både produksjon og vidareforedling av frukt, samt eit eige gardsutsal. Hermetiserte plommer & moreller vert distribuert til daglegvarebutikkar i Vestland, samt i Oslo, av Genrasjonsmat Evanger AS.

Design by Giske har utvikla ein identitet og eit gjennomtenkt etikett konsept for Lutro Gard. Produkta skal skilja seg positivt ut i butikkhyllene og visa ein tydeleg kvalitet, samstundes som det er ein raud tråd gjennom heile konseptet. Det er og lagt opp for at det er rom for produktutvikling i framover. Etikettane har ei form og storleik som gjer at dei passar på mange typar emballasje, slik som no med overgangen frå gamal type glas til ein meir standarisert type. Det same gjeld flasker til juice.

Neste
Neste

LOGO, IDENTITET & ETIKETTKONSEPT