NISJEBUTIKKENS DAG™
PROSJEKT;
Konseptutvikling & strategi
Design av logo & identitet
Design av kampanjemateriell, trykk & digitalt
Marknadsføring & merkevarebygging
Drift av sosiale medier
Kampanjemateriell 2018 - 2025
Design av profileringsmateriell & trykksaker
Design av stand med banners osv. 2025
OM KUNDEN;
NISJEBUTKKEN DAG™ er ei bevisstgjeringskampanje der formålet er å framheva dei unike, sjølvstendige butikkane i Norge.
Kampanja Nisjebutikkens dag™ set fokus på kva nisjebutikkane står for, og betyr, for eit levande lokalsamfunn. Tidspunktet for kampanja vart i 2024 flytta til veka etter skulane sine haustferiar. Kampanja har eige heimeside, samt eigne kontoar på Facebook & Instagram.
Konsept og kampanje er utvikla i fellesskap av Gøril Florvåg, Butikkutvikler.no & Giske Berland, Design.by.Giske.
Alt av design & kampanjemateriell (trykk & digitalt) til Nisjebutikkens dag™ er laga av Design.by.Giske. Kun butikkar som kjøper kampanjemateriell har lov å bruka navn og bildefiler i marknadsføring (vilkår gjeld).
Nisjebutikkens dag™ er frå desember 2025 sett på pause. Prosjektet er ikkje avslutta, ikkje gjeve vekk, - og heller ikkje overlete til nokon andre. Det er berre sett på vent av oss to som har bore prosjektet frå fyrste skisse til siste kampanjedag.
Giske Berland & Gøril H. Florvaag